Tilbake til alle arrangementer

Diktardagar: Skumringstime i domen med Astrid Garmo og Jonathan Lengali

Foto: Leikny Havik Skjærseth

Foto: Io Sivertsen

Diktardagar er en årlig litteraturfestival i Lom, Skjåk og Vågå, og i 2026 er temaet “Draumar”.

For å åpne årets festival byr vi inn til en stemningsfull opplevelse i Domen på Soleggen.

Mer info om festivalen: https://diktardagar.no/

Astrid Garmo og Jonathan Lengali er to unge kunstnarar. Med penn og fele er dei spådde ei lovande framtid. Hos båe går lengsel og utferdstrong att som ein raud tråd. Den urbane poeten Jonathan kjøpte eit forfalle småbruk i Nissedal og skreiv ei diktsamling inspirert av det. Garmoingen Astrid tok hardingfela med til hovudstaden for å blande tradisjonsuttrykk med moderne, sjangeroverskridande prosjekt. Resultata av desse indre og ytre reisene er tekster og melodiar som tar pulsen på det å vera ung vaksen i dag. 

Domen på Soleggen er eit bygg som innbyr til refleksjon og introspeksjon. Publikum blir inviterte til ei framsyning der dikt og musikk glir over i og spelar på kvarandre. I tillegg er akustikken i domen ein eigen del av opplevinga.

Pris: 150/50 (voksen/barn og ungdom)


Forrige
Forrige
17. august

Pensjonisttur

Neste
Neste
21. juni

Ungdomsleir 2027